Stadig fleire tilbake i jobb

Talet på heilt arbeidsledige i Herøy og Sande har sokke betrakteleg den siste tida.

Arbeidsledige: Det er no 572 heilt eller delvis arbeidsledige i Herøy og 95 i Sande.  

Nyhende

Etter vår tids strengaste inngriping i samfunnet vart sett i verk som følgje av koronautbrotet i mars, vart mange permitterte eller mista jobben. Per 20. mars var faktisk heile 537 arbeidsføre personar heilt arbeidsledige mot 145 månaden før. 207 personar var delvis arbeidsledige, mot 96 månaden før.

Det såg ikkje betre ut i Sande, der 110 personar var heilt ledige, mot 41 månaden før, og 54 var delvis arbeidsledige mot berre 15 månaden før.

Snudde då samfunnet opna igjen

Då skulane opna og ting byrja å normalisere seg litt, spegla det også arbeidsløysestatistikken. Per 23. juni var der 293 heilt ledige og 329 delvis ledige i Herøy, noko som kan tyde på at ein del av dei som vart 100 prosent permitterte då koronatiltaka vart sette i verk, gjekk over til å bli delvis permitterte.

Den siste veka har talet sokke ytterlegare, til 271 heilt ledige og 301 delvis ledige i Herøy.

Også i Sande er tala mykje meir positive. Per 16. juni stod 60 personar heilt utan arbeid, medan 42 var delvis ledige. Ei veke seinare var endå to til i fullt arbeid, medan 37 var delvis arbeidsledige.

Trenden er lik i heile fylket

– Nedgangen i talet på delvis ledige held fram også den siste veka. Nedgangen er på 718, og talet på delvis ledige er no 6 823 personar. I sum er 12 741 heilt eller delvis ledige, seier direktør Stein A. Veland, NAV-direktør i Møre og Romsdal.

For dei andre kommunane i Sjustjerna er utviklinga slik:

Vanylven: + 7,9 % heilt ledige og + 6,6 % delvis ledige

Ulstein: – 3,4 % heilt ledige og – 14,1 % delvis ledige

Hareid: + 1,6 % heilt ledige og – 13, 6 % delvis ledige

Ørsta: – 7,3 % heilt ledige og – 3.4 % delvis ledige

Volda: + 1 % heilt ledige og – 15,1 % delvis ledige