Havila opprettar eit nytt selskap: - Behov for ytterlegare oppbemanning

Tysdag kunngjorde Havila Holding at dei opprettar eit shared service-selskap, for å samordne ressursar, styrke Havila-gruppa og sikre arbeidsplassar.

Viseadministrerande direktør i Havila Shipping, Olav Haug Vikebakk, vert konstituert leiar i det nye selskapet medan Njål Sævik frå Havila Shipping er styreleiar i selskapet som no samordnar ressursar frå Havila Holding, Havila Shipping og Havila Kystruten. F.v.: Olav Haug Vikebakk, Havila Shipping og Havila Service, Arild Myrvoll, Havila Kystruten, Njål Sævik, Havila Service og Havila Shipping, og Per Sævik, Havila Holding.  Foto: Torill Myren

Nyhende

Namnet på det nye selskapet er Havila Service AS, og skal vere i drift frå hausten av. Det vert den nye arbeidsgjevaren for ei rekkje arbeidstakarar i land-organisasjonane til Havila Shipping, Havila Kystruten og Havila Holding. Det gjeld no tilsette innan crewing, IT, rekneskap og innkjøp, skriv selskapet i ei pressemelding.

– Større fagmiljø

Styreleiar i Havila Service, Njål Sævik, seier opprettinga av det nye selskapet kjem som ei naturleg følgje av utviklinga i Havila-gruppa, og at det i dialog med dei ulike selskapa har kome fram ønske om ei samordning av ressursane.

– Gjennom å samle dei tilsette i det nye Havila Service vil vi skape større fagmiljø innan dei ulike funksjonane. Då kan vi i endå større grad få til auka spesialisering og heva kompetanse mellom dei tilsette, seier Sævik.

Vidare satsing

Sævik seier også at med opprettinga av Havila Service vil ein kunne effektivisere og få ut synergiar mellom selskapa i konsernet. Tilbodet kan elles kome til å omfatte fleire selskap.

– Det vert enklare å få til god og tilpassa bruk av medarbeidarane gjennom skiftande tider. Slik vil Havila Service vere med på å sikre arbeidsplassar. Opprettinga av eit felles selskap gjer det i tillegg enklare å vurdere kva kompetanse og ressursar vi treng for vidare satsing. Alt no veit vi at det er behov for ytterlegare oppbemanning.

Dei tilsette vert overført til det nye selskapet gjennom ei verksemdsoverdraging. Målet med Havila Service er at det skal vere ein god arbeidsplass for dei tilsette og ein god kompetansebase for andre Havila-selskap.

Det skal no tilsetjast ein leiar for det nye selskapet som får organisasjonsutvikling, samspel og samarbeid som viktige arbeidsoppgåver. Før den nye leiaren er tilsett skal viseadministrerande direktør i Havila Shipping, Olav Haug Vikebakk, fylle denne rolla.