Møre og Romsdal 110-sentral:

Branntilløp i garasje på Nerlandsøya

Klokka 03:30 natt til tysdag melde Møre og Romsdal 110-sentral om eit branntilløp i ei garasje i Teigenesvegen på Nerlandsøya. Brannen vart delvis sløkt av eigaren før Herøy brannvern var på plass. Dei assisterte med ettersløkking og hadde kontroll på staden.
Nyhende