Fleire herøyværingar på Midsundkonferansen:

Alv Ottar Folkestad: – Havsulvedtak er i strid med lover og regelverk

Alv Ottar Folkestad kom med ein klar konklusjon som avslutning på sin presentasjon på Midsundkonferansen måndag. Dersom Havsul vert bygt etter føreliggande vedtak, er det i strid med krav etter Forvaltingslova og Naturmangfaldlova ( særleg §§ 8 og 49).

Denne delegasjonen kom frå Herøy for å delta på Misundkonferansen. Frå venstre Gunnar Sævik, Bjarne Kvalsvik. Nils Roar Hareide, Greta Garnes Hareide, Kaia Runde og Alv Ottar Folkestad  Foto: Knut Arne Høyvik

Nyhende

Han kom med konklusjonen etter at han hadde teke forsamlinga med på ei reise med utgangspunkt i fuglefjellet på Runde. Folkestad gjekk gjennom tilstanden i fjellet i dag, og konstaterte at havhest, toppskarv, krykkje og lomvi er nesten heilt borte frå fjellet, medan havsule har historisk sett hatt ein stor vekst og talde 3467 reir i 2018. Når det gjeld lundefuglen har Folkestad eit estimat på 30–40000 par i 2019. Storjo har det blitt meir og meir av, og det er ein tjuvradd som stel mat frå andre fugl, særleg havsule.