50.000 kr til marknadsføring av hurtigbåtruta

Herøy kommune vil legge til rette og marknadsføre den nye hurtigbåtruta mellom Ålesund og Stad om Fosnavåg blir valt som stoppestad.

BIR­GIT­TE SÆ­VIK PEDERSEN: Set­te på veg­ner av KrF fram for­sla­get som kom­mu­ne­sty­ret gjekk inn for. Dei ser det som vik­tig å leg­ge til ret­te slik at Cruise Service vel Fos­na­våg som stop­pe­stad.  Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Dette vil knyte oss saman med Bergen og Ålesund på ein unik måte.

Birgitte Sævik Pedersen
Nyhende

– Vi har skikkeleg tru på at dette vil vere svært viktig for både reiselivet og næringslivet. Dette vil knyte oss saman med Bergen og Ålesund på ein unik måte, sa Birgitte Sævik Pedersen (KrF) då ho bad om at den nye ruta mellom Ålesund og Stad skulle bli sett på sakslista under torsdagens kommunestyremøte.