Tradisjonsrikt arrangement i kjømda:

Fotballskule «opnar» sesongen

Første del av sesongen 2020 gjekk i vasken på grunn av koronakrisa. På Larsnes vert sesongen innleia med den tradisjonelle Sparebanken Møre fotballskule 11. – 13. august.

Fotballskule: Det har vore fotballskule på Larsnes i mange år. Dette er eit bilde frå nokre år tilbake, der dåverande høddar Victor Grodås var mellom dei som kom med gode råd til jentene og gutane på Larsnes-graset. Foto: Arkiv  Foto: arkiv

Skulen har som hovudmål at alle skal verte sett.– Skulen har som hovudmål at alle skal verte sett.

Aadne Sandanger
Nyhende

– Vi køyrer fotballskule etter planen, sjølvsagt med omsyn til gjeldande smittevernreglar, og vil fylgje situasjonen nøye. Men fotballskule blir det – i tre dagar på rad, opplyser primus motor Aadne Sandanger i Larsnes IL til Vestlandsnytt.

Skulen er eit mangeårig samarbeid mellom Sparebanken Møre og Larsnes IL.

Potensielle elevar som er fødde frå og med 2007 til og med 2014 er målgruppa til fotballskulen, som kan sjå fram til god instruering frå lokale fotballheltar.

Dessutan vert det tid til litt sosialt kos, som til dømes grilling. Gjennom ein eigen samarbeidsavtale kan arrangørane nok ein gong lokke med besøk av spelarar frå AaFK og Hødd.

– Nytt av året er at Sparebanken Møre no har tilsett sin eigen Hødd-spelar, i Preben Alexander Sætre, som sjølvsagt vert til stades på fotballskulen, opplyser Sandanger.

Trekkplaster: Preben Sætre høyrer til både i Hødd og Sparebanken Møre. Han kjem til fotballskulen. Foto: IL Hødd  Foto: Hødd

På fotballskulen er det elles eigen utstyrspakke som inkluderer mat og drike i tre dagar. Også velkjende Tare frå Havlandet kjem ti å dukke opp, heiter det i ei pressemelding.

– Det er slik at Sparebanken Møre fotballskule har vorte ein tradisjon, og her kjem det påmeldingar både frå spelarar i Sande og i tillegg frå nabokommunane våre, seier Sandanger, som legg til at opplegget har ein viktig funksjon inn mot kvar enkelt deltakar:

– Skulen har som hovudmål at alle skal verte sett, at alle er gode nok og at dei som er med skal fare heim den siste dagen med ei god kjensle, nye venskap, meistringsfølelse og at det har vore kjekt og vere med på fotballskulen. Klarer vi dette, har vi lukkast, og det har vi godt håp om.

Sandanger legg til at det framleis er ledige plassar, og ein ynskjer alle velkomne. Her gjeld først-til-mølla-prinsippet.

– Hjarteleg velkomne til Sparebanken Møre fotballskule, helsar fotballfolket på Larsnes.