Kurdaren Bariş frå Herøy har over 23.000 følgjarar på Tik Tok:

– Av og til scorar ein mål

Herøyværingen Bariş Seydî gjer det stort på Tik Tok. For litt over ei veke sidan gjekk videoane hans viralt og no strøymer det på med «followers». Tilbake i fødelandet har han også vore på TV.

Vil vere eit forbilde: Bariş Seydî forstår at det med mange følgjarar også følgjer med eit ansvar. Han seier at han vil vere eit godt forbilde for folk. Han har elles ein YouTube-kanal som har over 2000 abonnentar. Han håpar også å utvikle denne til å bli like populær som Tik Tok-profilen hans.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Det er litt som i fotball. Av og til scorar ein mål.

Det seier den unge 16-åringen om då hans Tik Tok-profil plutseleg, for litt over ei veke sidan, opplevde ein eksplosiv vekst. Frå nokre tusen følgjarar skaut talet i vêret og er no oppe i nær 24.000. Den mest sette videoen hans har over 700.000 visningar! I det de les dette er det faktisk mogleg at han allereie har fått mange fleire.

Saka held fram under TikTok-videoen.

@bariskurdistane

Die ##fyp ##foryou ##foryoupage ##trending ##trend ##xorte_kurdistane ##bariş ##kurdistan ##barişo ##kurd ##4u

♬ Banana (feat. Shaggy) - Conkarah

Berre fire månadar

Seydî starta med den populære video-appen for berre fire månadar sidan, og i starten gjekk det litt trått.

– Det tok tid å få dei fyrste 10.000 følgjarane, og det var mykje jobb. Eg legg ut fem-seks videoar kvar dag.

Då det fyrst tok av, gjekk det derimot fort, forklarar herøyværingen, som kom til landet for fire år sidan som flyktning frå Kurdistan i Syria. Tusenar på tusenar følgjer no kanalen kvar dag, og det ser ikkje ut til å stoppe. Berre onsdag fekk han over 1000 nye følgjarar.

Følgjarane kjem frå alle kantar i verda. I ei analyseoversikt ser vi at herøyværingen er særs populær i Tyrkia, Irak, Tyskland, Sverige og Norge.

Saka held fram under TikTok-videoen.

@bariskurdistane

Lol ##foryou ##trend ##trending ##kurd ##barişo ##foryoupage ##bariş ##xorte_kurdistane ##4u ##kurdistan

♬ الصوت الأصلي - ixc76

Omtalt på kurdisk TV-kanal

Suksessen til Bariş har elles ikkje gått umerka i heimlandet. Førre veke omtala den største TV-kanalen i Kurdistan profilen hans.

– Eg visste ikkje om det før nokre venner sa det til meg, smiler kurdaren, som synest det er stas å ha vore på TV.

Følgjar-eksplosjon: På berre få veker har Bariş fått over 23.000 følgjarar på Tik Tok. Her ser vi ein skjermdump frå profilen hans.  Foto: privat

– Viktig med skodespel

I dei videoane vi har sett av kurdaren ser vi unge Seydî by på seg sjølv. Han bruker mykje skodespel. Dette er noko han brenn for og meiner er viktig å bruke som verkemiddel.

– Det er viktig å by på seg sjølv og spele skodespel for å skape drama og interesse i videoane, forklarar han.

Sjølv håper han å ein dag kunne bli skodespelar. Det er den ultimate draumen. Samstundes trivst han godt også bak kamera og ser føre seg at det også kunne vere ei karrieremoglegheit.

Her kjem følgjar-massen frå: Her ser vi analysen av kvar følgjarane til Bariş kjem frå.  Foto: Privat

Hemmelegheita

Vi spør Bariş om han har nokre tips til korleis ein kan slå gjennom og gjere det bra på Tik Tok.

– Litt av hemmelegheita ligg i å heile tida tilpasse seg trendane. Er det noko som «trendar», må ein prøve det, seier han.

Sjølv tek han føre seg mange forskjellige tema på sin kanal og er ikkje redd for å eksperimentere.

– Eg snakkar om alt ifrå språk, kultur, sport og film. Så må ein ikkje gløyme humor. Humor er viktig, og det brukar eg heile tida, seier Bariş.

Saka held fram under TikTok-videoen.

@bariskurdistane

Qantirî ev çî ##trending ##kurd ##fyp ##trend ##foryou ##kurdistan ##xorte_kurdistane ##foryoupage ##fyp ##barişo ##duhok ##hewlêr ##amed ##kefşet

♬ original sound - mukbangeatingshow

Praksis i Vestlandsnytt

Denne veka har Bariş hatt praksis i Vestlandsnytt, noko han synest var interessant.

– Eg har fått svar på dei spørsmåla eg hadde om å jobbe i ei avis, og det var ein hyggeleg gjeng å jobbe med, seier han om praksisveka.

Nysgjerrig på kva han har jobba med, sa du? Sjekk ut denne saka for å sjå ein video han laga frå då 7.-klassingane ved Stokksund skule besøkte Skotholmen.


La klasseturen til eigen kommune

Då Mol­de-tu­ren til Stokk­sund-7.-klassingane vart av­lyst, vart løy­sin­ga ein opp­le­vings­tur i ei­gen kom­mu­ne.