Heidra etter førti år i herøyskulen

Agnes Kirste vart tysdag heidra med gullklokke for over førti års teneste i Herøy kommune.

heider: Agnes Kirste med heider og takk frå kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy og ordførar Bjørn Prytz. Foto: Herøy kommune 

Nyhende

Det er i grunnskulen Agnes Kirste har gjort si teneste i Herøy gjennom heile førti år. Lengste tenestetida har ho hatt ved Runde skule, dit ho kom i 1979 og avslutta i 2000 etter eit opphald på to år då ho var lærar på Remøya.

Dei siste tjue åra har Bergsøy skule avd. Blåhaugen vore Kirste sin tenestestad. Fyrst som lærar i tolv år, og etter det rektor fram til ho no blir pensjonist når sommarferien er over.

Alle leiarane i Oppvekst var med på samlinga tysdag, der ordførar Bjørn Prytz overrekte klokka saman med gode ord og takk. På kommunen si heimeside står det å lese at «både ordførar og kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy takka henne for stort engasjement og aktiv innsats for barn og unge si læring og utvikling gjennom alle desse åra.

Ho er genuint interessert i pedagogikk, og har vore ein dyktig lærar og leiar, med tett oppfølging av både elevar og tilsette.

I tillegg har ho kreative evner, og brukar bevisst fargar for å pynte opp og gjere det triveleg rundt seg. Herøy kommune takkar henne for innsatsen, og ønskjer henne gode dagar som pensjonist».