Roar Aasen meiner ringnotreiarane er kortsynte:

Trist og tragisk yngelfiske

-Vi synest det er trist og tragisk at så mange ringnotreiarar tenkjer kortsiktig profitt framfor ressursforvalting til felles beste.

Ansvarslaust: Dagleg leiar Roar Aasen meiner det er ansvarslaust når ringnotreiarane ikkje vil forvalte nordsjøsilda til felles beste, men berre har tanke på kortsiktig økonomisk profitt.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Slik reagerer Roar Aasen på det omfattande fisket av småsild som mange av ringnotbåtane har drive i Nordsjøen den siste tida. Aasen er ikkje den einaste som reagerer på det utbreidde yngelfisket, men vil gi si fulle støtte til fabrikksjef Per Røys ved Pelagia Kalvåg sin karakteristikk av det omfattande småsildfisket.