Bjarne Kvalsvik og reiselivssegmentet han representerer opplever ei stor uvisse:

– Vi er ikkje rusta for dette

Bjarne Kvalsvik sitt reiselivsselskap Havferie har fullbooka sesongen, men ingen av gjestane får per no kome over grensa på grunn av korona-restriksjonane. Han etterlyser klarare svar frå myndigheitene.

Bjarne Kvalsvik: Den typen reiselivsnæring som Bjarne Kvalsvik og fleire i området driv med er ikkje rusta like godt som dei større reiselivsbedriftene til å kunne tilpasse seg det «norske» feriemønsteret. Dagsturisme er vanskeleg å halde seg til og Kvalsvik seier hans verksemd er meir retta mot dei som kjem for langtidsleige. Han meiner derfor at det no må på plass klarare råd for kva tid ein eventuelt ser føre seg å opne landegrensene og for kven. – Vi må ha noko å svare våre kundar å planlegge etter, seier Bjarne.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Vi skulle gjerne hatt litt klarare svar – eit ja, nei eller ein dato.

Bjarne Kvalsvik
Nyhende

– Det er klart vi skal vere med på dugnaden. Vi er ikkje åleine i denne tøffe situasjon. Men vi skulle gjerne hatt litt klarare svar – eit ja, nei eller ein dato. Vi blir nedringde med folk som har booka ferie og som lurer på kva tid landegrensene opnar. Det hadde vore greitt å ha noko konkret å svare dei.