Bergensarar søkte sine røter tilbake til Herøy:

– Vi vart heilt overvelda!

I helga reiste bergensarane Nina, Wenche, Stein Arve og vesle Jenny rundt i Herøy for å spore opp si familiehistorie. Reisa tok dei til både Flåvær og Moltu.

Besøk på Flåvær: Her ser vi bergensfamilien saman med nokre av dei som i dag eig Flåvær. Bak dei ser vi hovudhuset ved den gamle handelsstanden som Gustav G. Wiig, bergensarane sin slektning, ein gong drifta. F.v.: Torill Torvholm, ein av fleire eigarar, Wenche Wiig Nijs, Stein Arve Lone, Nina Annemieke Nijs og Annlaug Leine, dotter til Erling Torvholm. Framme ser vi vesle Jenny Nijs- Lone. Ho fekk mellom anna prøve å fiske frå kaia som hennar tipp-tipp-oldefar ein gong eigde i1872-1916.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Min mormor snakka mykje om Flåvær og tida ho var der som barn. Det var litt av bakteppet då vi bestemte oss for å kome hit.