Opplev Havlandet med guide i handa

– Vi har ei utruleg skattekiste i Herøy. Tenk alt det kan forteljast om! Vi har så vidt begynt.

Fosnavåg sentrum: Her ser vi reiselivsutviklar Hilde Gråberg Bakke framfor statuen «Fiskarkona» i Fosnavåg. Statuen er eitt av over 50 punkt frå Herøy (Havlandet) i appen Voice of Norway (VON).   Foto: Josefine Spiro

Her har vore ein informasjonsflaum det har vore ein fornøyelse å jobbe med.

Nyhende

Reiselivsutviklar Hilde Gråberg Bakke i Havlandet AS har hatt nok å styre med den siste tida. Snart vil alt arbeidet forhåpentlegvis bere store, saftige frukter, når gjestar frå fjern og nær tek i bruk det enkle, men likevel så omfattande verktøyet vi alle no kan få i lomma; appen «Voice of Norway».