Thon Hotel Fosnavåg opna igjen måndag:

Telefonstorm heile dagen

- Det var som å trykke på ein knapp så snart vi opna dørene, seier hotelldirektør Monica Bjørhovde.

Har opna dørene: Restaurantsjef Daniela Sefer, hotelldirektør Monica Bjørhovde og resepsjonist Ana Tepuric er glade for igjen å kunne ønske gjestar velkomne til Thon Hotel Fosnavåg.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Då Vestlandsnytt troppar opp på hotellet dagen etter gjenopninga, er ikkje telefonen like påståeleg, og hotelldirektøren sjølv står i resepsjonen og betener eit par gjestar som er i ferd med å sjekke ut. Vi kan ikkje la vere å legge merke til korleis dei skryter av opphaldet, og ikkje minst maten dei har fått servert; «fiskesuppe, krepsehalar, himmelsk klippfisk, sjokoladefondant og sorbé». Så vi hukar tak i dei før dei kjem seg ut av dørene.