Snart vert det zipline i Fosnavåg

– Sjå føre deg at du svevar ned frå fjellet mot solnedgangen. Det blir ei oppleving du aldri vil gløyme.

Snart skjer det: Om ikkje altfor lenge vert det montert ei zipline i nærleiken av gapahuken på Tverrfjellet. Det vil gi ringverknadar for store delar av næringslivet Fosnavåg spår reiselivsutviklar Hilde Gråberg Bakke og næringslivssjef og dagleg leiar Merethe Hjertø Flusund i Havlandet AS.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Reiselivsutviklar Hilde Gråberg Bakke i Havlandet AS er openbert ivrig når ho presenterer planane for den nye storattraksjonen i Fosnavåg: Ein om lag 450 meter lang zipline frå Tverrfjellet til sentrum. Går alt etter planen, er lina ein realitet allereie på seinsommaren.