Historisk låge kraftprisar viser igjen på Tussa-resultatet:

Kan bli 100 mill. dårlegare enn i fjor

Konsernsjef Elling Dybdal forventar eit betydeleg resultatfall for Tussa i 2020 samanlikna med i fjor.

Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa.   Foto: Tussa

Nyhende

For Tussa-konsernet har året starta med ein reduksjon i driftsresultatet på 59,1 millionar kroner samanlikna med fyrste tertial i 2019. Forklaringa er den låge kraftprisen som ikkje har vore målt så låg på fleire tiår som dei fire fyrste månadene i år.

– Etter utgangen av april har prisane vore enda lågare, og driftsresultatet for kraftproduksjonen i 2020 kan bli redusert med opp imot 100 millionar kroner samanlikna med i fjor, seier Dybdal i ei pressemelding.

Rekneskapen viser at på dei fire fyrste månadene hadde Tussa eit driftsresultat på 60,2 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 23,9 mill. kroner. Omsetninga var på knapt 315 millionar kroner, mot 467 mill. kroner fyrste tertial i fjor.

Driftsresultatet for kraftproduksjon vart 9,9 mill. kroner, som er 75,5 mill. kroner lågare enn på same tidspunkt i 2019. Her var også lågare produksjonsvolum utslagsgivande i tillegg til dei låge prisane.


Tussa gjorde det bra i 2019:

Gode resultat, men droppar utbyte

Tussa hadde i 2019 eit årsresultat på 96,8 millionar kroner. I 2020 er forventningane reduserte.


Bra på andre område

Innafor forretningsområdet IKT auka omsetninga med 11 prosent, og her vart driftsresultatet på 11,1 mill. kroner fyrste kvartal.

– Særleg innafor IT har utviklinga vore god, seier Dybdal.

Installasjon auka omsetninga med vel 29 prosent. Driftsresultatet blei på 1,2 mill. kroner i fyrste tertial.

Kraftomsetninga kom opp i 45,9 mill. kroner og fekk eit driftsresultat på 5,6 mill. kroner.

– Sterkt fallande kraftprisar gav låg omsetning, men eit langt betre resultat enn i fjor, seier Dybdal.


Tussa-styret seier nei til utbytte til trass for godt 2019-resultat:

Ordførarar til kamp for utbytte

– Det vil forundre meg mykje om Tussa kjem i ein verre situasjon etter eit år med korona og mykje regn enn det kommunane gjer.



Utbyte som budsjettert frå Tussa

– Då får vi eit utbyte som budsjettert med frå Tussa.