Satsar 100 millionar kroner på kystperle

Bølgjeskvulp. Sol og glede. Maritim kos. Nysatsinga til Rosenlund på Sandsøya har for lengst kome båtfolket for øyre. No tek dei nye eigarane høgde for ei omfattande utbygging av kystperla.

Anja Halsebakk: Dagleg leiar på Rosenlund Hamn, Sandsøya. Ho seier tilbakemeldingane frå bygdefolket og dei tilreisande som kjem landevegen eller sjøvegen, er kjempegode. – Folk helsar satsinga velkomen, og heiar på oss. Det er kjempekjekt, seier ho.   Foto: Endre Vorren

Nyhende

Det skal investerast rundt 100 millionar kroner, opplyser Rosenlund-eigar Roger Halsebakk.