Må finne svar på fire viktige spørsmål om Fosnavåg hamn

Herøy formannskap har ikkje lyst til å leggje vekk utdjupingsprosjektet på Fosnavåg hamn. Men det byrjar å haste om ein skal finne alternative løysingar for å få prosjektet realisert.

VIL IKKJE LEGGE VEKK: Herøy formannskap kjempar framleis for Fosnavåg hamn-prosjektet, og håper no å finne løysingane som mogleggjer prosjektet utan at det får konsekvensar for Fosnavåg Pelagic.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Derfor landa formannskapet på fire konkrete spørsmål som kommuneadministrasjonen skal prøve å finne svar på så fort som råd, og helst innan det siste formannskapsmøtet før sommarferien. Dette møtet går føre seg den 30. juni.