9500 permitterte i fylket

Det er no om lag 9500 permitterte i Møre og Romsdal, og talet på arbeidsledige sig stadig nedover.

ARBEIDSLEDIGE: Det er no 648 heilt eller delvis arbeidsledige i Herøy og 114 i Sande. Sande har hatt ein nedgang på over 12 prosent siste 14 dagane i fylgje NAV.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

Talet på heilt arbeidsledige i Møre og Romsdal har gått ned med 762 personar sidan utgangen av mai. Også talet på delvis ledige har minka nesten tilsvarande. I sum er det no 15.142 heilt og delvis ledige i fylket, som er ein nedgang på 1405 siste fjorten dagane.

Industri på topp

– 3074 av dei 6740 heilt ledige, og 6494 av dei 8.402 delvis ledige er permitterte, og dei fleste permitterte har yrkesbak- grunn innan industriarbeid (1887), butikk- og sal (1340) og reiseliv og transport (1228), fortel NAV-direktør Stein Veland.


Ulmatec Skipsservice opplevde full korona-stopp:

– På veg mot å normalisere seg

Ulmatec Skipsservice er mellom bedriftene som fekk korona-sjokk. No ser leiinga at situasjonen er i ferd med å vende tilbake i retning av normalt.


NAV sine oppdaterte tal viser at talet på heilt eller delvis ledige ledige har minka med om lag 5000 personar sidan midten av april.

I Herøy har talet på heilt eller delvis ledige minka med 52 siste månaden til 648, eller 8 prosent. Tilsvarande for Sande er 16 personar ned til 114. Prosentvis har Sande hatt den beste utviklinga på Ytre Søre med ein nedgang på 12 prosent.

Også i samanlikning med februartala er det Sande som har hatt den beste utviklinga.


Dette får dei lokale bedriftene i «korona-støtte»

Dei statlege tildelingane i lys av koronakrisa syner eit breitt utval bedrifter som har søkt kontantstøtte.