Stor framgang for RS Systems på Mjølstaneset:

Gjennombrot i USA og storfisk på kroken

Når dei store oljeselskapa i verda skal finne ut kor mykje olje som finst i eit reservoar, og kor stor del av den som kan hentast ut, nyttar dei utstyr frå Fosnavåg.

til indonesia: Nytt utstyr for måling av kapillærtrykk og elektrisk leiingsevne snart klart til eksport frå RS Systems med Djakarta i Indonesia som adresse. Data som dette utstyret samlar inn fortel kor mykje olje, gass og vatn som finst i eit reservoar. F.v. Norvald Muren, Bård Ottesen og Trond Vikene. Sistnemde er innleigd frå Proton Electro. 

Nyhende

– 2019 blei eit veldig bra år for oss, men 2020 skal bli enda betre, lovar Bård Ottesen og Norvald Muren i RS Systems på Mjølstaneset.