Nyskapingsparken blir verande litt til

Nyhende

Herøy kommune har takka ja til å halde fram ein månad til med Nyskapingsparken i dei tidlegare Kalimera-lokala på Holmsild brygge. Leigetilhøvet skulle eigentleg opphøyre ved utgangen av juni, men no får kommunen behalde lokala ut juli. Nyskapingsparken kan flytte ut av lokala på kort varsel dersom nye leigetakarar skulle dukke opp.