Herøy kommunestyre førebudde på å snu alle steinar for å unngå kjempesmell:

KrF ville sjå på skulestrukturen

Fleire av dei folkevalde i Herøy innser no at krava dei har stilt til helse og omsorgssektoren er for tøffe. No startar jobben med å finne løysinga som gjer at ein unngår det varsla meirforbruket på over 20 millionar kroner.

OPPVEKST: KrF-politikarane, som vi ser samla i midten her, meinte ein grundig gjennomgang av oppvekstsektoren ville vere eit viktig grep for å få ned driftskostnadane. Dei ville med andre ord sjå på heilskapen i drifta.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Fleire av sakene under førre vekes kommunestyremøte i Herøy dreia seg om den økono- miske stoda i kommunen. Sentralt i diskusjonane stod sjølvsagt utfordringane i helse og omsorgssektoren. Denne sektoren hadde eit meirforbruk på 16 millionar i 2019, og har allereie varsla om at meirforbruket i 2020 kan bli på 20 millionar kroner.