Kaja Runde tok kraftig oppgjer med kulturen i Herøy kommune:

– Har sjølv vore vitne til ein som vart grovt trakassert

– Er det verkeleg slik at Herøy kommune bruker kommuneadvokaten for å verne seg mot ein privatperson som står fram som vitne til mobbing?

KAJA RUN­DE: Ho mein­te det al­ler vik­ti­gas­te til­lits­for­hol­det er mel­lom ar­beids­ta­ka­rar og ar­beids­gi­va­ra­ne. Der­for var ho svært kri­tisk til kor­leis kom­mu­nen har løyst si­tua­sjo­nar der pri­vat­per­so­nar el­ler po­li­ti­ka­rar har vars­la om kri­tikk­ver­di­ge for­hold. Runde fekk litt ros for inn­leg­get sitt, men måt­te tole ein god del kri­tikk frå kol­le­g­ae­ne i kom­mu­ne­sty­ret då ho gjekk frå ta­lar­sto­len.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Det var eit av spørsmåla Kaja Runde (Folkelista) stilte då Herøy kommunestyre tok stilling til den låge tilliten mellom ulike aktørar i kommunen. Runde innleia sitt innlegg med å fortelje at det var med stor glede ho oppdaga at rådmannen hadde sett tillit på sakskartet.