Færre heilt arbeidsledige i mai:

Over halvparten er ikkje permitterte

Færre heilt ledige, men fleire delvis ledige, er stikkord for arbeidsløysetala for mai.

NAV: Det blir stadig færre som er heilt ledige, men fleire har statusen som delvis ledige.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Talet på heilt arbeidsledige i Møre og Romsdal minka med 4154 personar i mai. Samtidig auka talet på delvis ledige med 1330 personar, og i sum er det no vel 16.500 heilt og delvis arbeidsledige her i fylket viser maitala frå NAV.

– Mellomdei 7502 heilt ledige er det 3540 som er permitterte, og det vil seie at nesten 4000 av dei heilt arbeidsledige ikkje er permitterte, seier NAV-direktør Stein Veland i ein kommentar til mai-tala.

Mellom dei delvis ledige er det derimot store overvekt av folke som går permitterte. I denne gruppa er det berre 1866 av totalt over 9000 som ikkje er permitterte.


Arbeidsløysa kraup sakte nedover siste veka

Talet på arbeidsledige kryp sakte nedover, men Møre og Romsdal toppar stadig landsstatistikken.


Færre heilt ledige

På Ytre Søre var det Sande som hadde den største prosentvise nedgangen i heilt ledige siste månaden med 35,4 prosent. I Herøy var nedgangen på 28 prosent.

362 (7,9 %) personar i Herøy, og 73 (5,8 %) i Sande, var heilt ledige ved utgangen av mai. Talet i prosent viser heilt arbeidsledige i prosent av arbeidsstyrken. Tilsvarande ledigheitsprosent for Hareid og Ulstein var høvesvis 8,3 og 7,3, medan Vanylven framleis har lågast arbeidsløyse i regionen med 4,5 prosent.

Stor koronaeffekt

Ei samanlikning med tala for februar gir eit godt bilde av kor stor mykje korona-situasjonen har hatt å seie for arbeidsløysa i fylket. På Ytre Søre er det Ulstein som har hatt den største koronaeffekten med ein auke på 259 prosent (heilt ledige) i høve til februar. Sande har hatt den minste effekten med 78 prosent auke, og i Herøy har auken vore på 150 prosent.

Talet på heilt arbeidsledige i mai er slik i kommunane på Ytre Søre, med februartala i parentes: Vanylven 71 (25), Sande 73 (41), Herøy 362 (145), Ulstein 334 (93) og Hareid 217 (86).

Summen av heilt og delvis arbeidsledige gir desse tala: Vanylven 132 (38), Sande 130 (56), Herøy 704 (241), Ulstein 687 (139) og Hareid 394 (113).

Både i Herøy, Ulstein og Hareid ligg summen av heilt og delvis ledige på om lag 15 prosent av arbeidsstyrken. Tilsvarande for Sande er 10,3 prosent og for Vanylven 8,4 prosent.


Herøy har størst arbeidsløyse ved utgangen av april

Arbeidsløysa går ned i dei aller fleste kommunane i Møre og Romsdal i siste halvdel av april.