Årsplanen vart utsett igjen – Sceneparken levde farleg

Nattleg kommunestyremøte i Herøy

– Eg trur ikkje denne saka får den behandlinga ho fortener. Det er seint, klokka er midnatt. For meg verkar det som viktige avgjerder er i ferd med å gleppe. Det blir ikkje tatt dei rette vala.

AVSLUTTA SEINT: Det vart eit langt møte for Herøy kommunestyre i Fosnavåg konserthus torsdag kveld. Då ordføraren klubba for siste gang var klokka blitt 00.30.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Det sa Per Kristian Furø (Ap) då han gjekk på talarstolen akkurat i den augneblinken torsdag vart til fredag. Like etter tok partifelle, og ordførar, Bjørn Prytz til orde for å utsette saka endå ein gong.