Avslår forvaltningsklage frå LUFS

Kommunedirektøren i Sande har fått løyve frå fylkesmannen til å avslå forvaltningsklagen som LUFS har sendt inn gjeldande skulesaka i Sande.

Trond-Arne Aglen: Kommunedirektøren har gitt LUFS avslag på sin klage i skulesaka. 

Nyhende

I ei orientering til kommunestyret tysdag gav Trond-Arne Aglen uttrykk for at forvaltningsklagen som LUFS har skrive som prosessfullmektig for FAU på Sandsøya originalt ikkje skulle ha vore adressert til fylkesmannen, men til kommunestyret direkte. Forvaltningsklager skal nemleg rettast til organet som har fatta vedtak. Deretter konkluderte Aglen med at han har valt å avslå klagen og vil ikkje handsame han i kommunestyret.