Utvidar brennevinsskjenkinga i Herøy

Herøy kommunestyre har bestemt seg for å opne for brennevinsskjenking til klokka 02.00. Øl og vin-skjenkinga vil vere open til klokka 02.30. Tidene gjeld heile veka.

DELT SYN: Kommunestyret delte seg i to då den alkoholpolitiske handlingsplanen for 2020-2024 vart vedteken seint torsdag kveld.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Det vart klart etter at 18 av 33 representantar gjekk inn for det som til slutt vart omtala som eit fellesforslag frå Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet. Servering på uteområde vil samstundes vere opent til klokka 02.00 kvar dag. Tidlegare har fristen for å stengje uteserveringa vore 01.00.