Endå ei runde innom skulesaka med lovlegkontroll-debatt i Sande kommunestyre:

– Føler meg litt nagla opp etter veggen

Debatten heita seg opp kring ordlyden i vedtaket om lovlegkontroll i skulesaka då kommunestyret i Sande samla seg på tysdag.

Kommunestyremøte i Sande: Tysdag møttest kommunestyrerepresentantane i Sande på Breidablik. Her blei skulesaka nok ein gong gjenstand for lange diskusjonar. 

Nyhende

Før tysdagens kommunestyremøte i Sande blei det gjort kjent at tre av styremedlemene, Kaare Helland Worren (TvP), Marion Bringsvor (Frp) og Inge-Jonny Hide (H), hadde send inn eit ynskje om lovlegkontroll av vedtaket som vart fatta i kommunestyremøtet i april, gjeldande skulestrukturen i Sande. Den etter kvart betente saka fekk naturleg nok mykje merksemd også under denne vekas kommunestyremøte.