Larsnes-båt nominert til pris for første gang: – Det var på tide!

– Vi har bygd båt sidan 1996, og då var det på tide at vi vart nominert til ein pris. Det er fantastisk kjekt.

RO VISION: Er ein av tre kandidatar til prisen "Ship of the year 2020".   Foto: Arkiv

Nyhende

Slik kommenterer dagleg leiar ved Larsnes Mek. Verksted, Jarle Gunnarstein, nominasjonen av Ro Vision til Skipsrevyens pris "Ship of the year 2020".

Ro Vision vart overlevert frå Larsnes Mek. Verksted til brønnbåtreiarlaget Rostein i april, og er ekstra kjent ettersom Ro Vision er sett på som verdas første hybride brønnbåt.


Sjå videoen – her kjem Ro Vision fram til Nordskaget

Torsdag tok Salmar imot verdas første hybride brønnbåt «Ro Vision» på Nordskaget. Båten er som kjent utrusta ved Larsnes Mek. Frøya-TV, ved videojournalist Petter Vidar Vågsvær, var på plass då båten la til kai, og dei har delt denne videoen med Vestlandsnytt.


Båten er designa av Rostein i samarbeid med Skipskompetanse i Måløy, og er den sjette båten i rekka som er basert på ei felles designløysing for Rostein, heiter det i Skipsrevyens omtale av kandidaten.

Her heiter det elles at Ro Vision har ein elektromotor som driver båten framover. Straumproduksjonen kjem frå tre dieselgeneratorar, og ved den fjerde er det laga eit stort batterirom i samsvar med regelverket.

Sjølv om Gunnarstein med glede konstanterer at ein tidlegare leveranse haustar lovord, er det sjeldan tid til å kvile på laurbæra ved Larsnes Mek.

– Vi håper å levere neste (Ro Venture) i juli. Frå midten av juni skal vi også i gang med ei større ombygging av båten "Harto", som er ein fiskebåt frå Sandøy. Nei, her er som alltid bra med aktivitet, konstaterer Gunnarstein.


Ro Vision leveringsklar, Ro Venture nyst komen frå Polen:

Hybride systrer hekk mot hekk på Larsnes

Ro Vision, fiks ferdig frå Larsnes Mek. i desse dagar, er omtala som verdas første hybride brønnbåt. No er også systerskipet klar for utrusting.


Nyleg vart det kjent at Larsnes. Mek skal bygge endå ein brønnbåt til Rostein. Skroget til denne er venta levert i slutten av november, og planlagt levering frå Larsnes er i mai 2021.


Landa ny kontrakt med Rostein:

– Ei gledeleg og viktig veke for oss

Dagen etter at Sande kommunestyre godkjende reguleringsplanen for Larsnes Mek. Verksted, kan Jarle Gunnarstein glede seg over ein ny kontrakt med Rostein.


Tøff konkurranse

Om sjølve kåringa av "Ship of the year 2020" avslører Gunnarstein at han er spent.

– Det blir ein tøff konkurranse. Vi har hamna i eit veldig godt selskap, seier Gunnarstein, som uansett er tydeleg stolt.

FANTASTISK KJEKT: Dagleg leiar Jarle Gunnarstein synest det er stas at ein Larsnes Mek.-båt endeleg vart nominert til ein pris.   Foto: Norske Skipsverft

Marin Teknikk-design

Konkurrentane til prisen er Kjell Inge Røkkes storprosjekt "REV Ocean" og Yaras "Yara Birkeland". Begge dei to er på noverande tidspunkt under bygging ved Vard Brattvåg.

Yara Birkeland har likevel ei lokal tilkopling, då det er Herøy-verksemda Marin Teknikk som har levert designen.

YARA BIRKELAND: Er ein av tre nominerte. Herøy-selskapet Marin Teknikk har levert designen.   Foto: Yara/Kongsberg/Marin Teknikk

Prisutdeling i Bergen

Utdelinga av prisen "Ship of the year 2020" finn stad i Bergen 16. september i år. Eigentleg skulle prisutdelinga bli gjort under arrangementet SMM i Hamburg, men ettersom dette arrangementet er utsett til februar 2021, er utdelinga flytta til byen mellom dei sju fjell.

– Sjølve arrangementet kjem vi tilbake til, men det vil i år bli ein kombinasjon mellom ein formell seremoni som blir streamet på våre nettsider, og tilgjengeleg for presse og alle interesserte både i Norge og Internasjonalt, seier juryformann og ansvarleg redaktør i Skipsrevyen, Gustav Erik Blaalid i ein kommentar til Skipsrevyen.

På deira heimesider kan du også vere med å stemme fram folkets favoritt, som er ei uformell kåring som går parallelt med sjølve kåringa av årets skip 2020.