Kystvakta på kontroll av krepsefisket på Sunnmøre:

Beslagla 126 ulovlege teiner på to dagar

I løpet av to dagar beslagla kystvaktskipet Njord heile 126 ulovlege teiner i fiske etter kreps.

Ulovlege teiner: Kystvakta fekk mykje å gjere på to dagars-kontrollen på Sunnmøre denne veka.  Foto: KV Njord

Nyhende

KV Njord gjennomførte ein større kontroll etter tips om ulovleg fiske etter kreps på Sunnmøre tidlegare i veka. Dette resulterte i eit større beslag av krepseteiner. Nokre av desse ber preg av å ikkje ha vore røkte på lang tid.