GUTEMUSIKKEN

Bergsøy gutemusikk var starten på det som i dag er Bergsøy skulekorps.

BERGSØY GUTEMUSIKK: Biletet er teke i 1958, året etter at korpset vart starta. Dirigenten er Frank Løken. Den trauste karen ved stortromma er Terje Soløy, vidare i same rekkja er Jan Huldal, Tor Knutsen, Eldar Eilertsen, Jarl Waage, Erling Røren, John Nerem, Ove Arnesen, Einar Røsås og Kjartan Røren. Bak (frå venstre): Rolleiv Moen, Bjørn Knutsen, Louis Røren, Magnus Myklebust, Bård Røren, Tor Dagfinn Myklebust, Jacob Bostad, Arve Karlsen, Gustav Berge og Kjell Røren.  Foto: Martin Furmyr

Gutane øvde og øvde på to songar, og til slutt sat «Ja, vi elsker» og «At far min kunne gjera det gilde han hev gjort» slik dei skulle.

Nyhende

Bergsøy gutemusikk vart starta i februar 1957. Frank Løken, som då var berre 22 år, var både notelærar, instruktør og dirigent for gutane. Han hadde gjeve dei den lovnaden at dersom dei var flinke å øve, skulle dei få spele i 17. maitoget «rundt Vatnet» det året.