Formannskapet vil gå i gang med forprosjekt

Sande formannskap går inn for å sette i gang eit forprosjekt for kaietableringa i Gjerdsvika.

Gjerdsvika hamn.  Foto: Endre Vorren (arkiv)

Nyhende

Etter avtalen med Kystverket om utmudring av Gjerdsvika hamn ligg der føre intensjonar om at Sande kommune skal arbeide med planar for å etablere kai på søre sjeté. For å kome vidare i prosjektet, må det no derfor gjennomførast eit forprosjekt som seier noko meir om tekniske løysingar og kostnader i høve prosjektet. Det skal danne grunnlaget for vidare arbeid med finansiering. Slik heitte det i saksutgreiinga då formannskapet handsama saka tysdag.