Ungdomen fekk lite ære for innsatsen

Ungdomsrådet er ikkje like fornøgde som kinosjefen etter den fyrste drive in-kinoen i Herøy.

dri­ve in: Ung­doms­rå­det mei­ner ung­do­ma­ne fekk for lite ære i for­hold til inn­sat­sen dei la ned un­der dri­ve in-kino­ar­ran­ge­men­tet ved Her­øy kul­tur­hus ny­leg. 

Nyhende

Fosnavåg kino burde stilt med meir personale og ikkje forventa at LAN og ungdomsrådet skulle gjere all jobben med opp- og nedrigging. Det skriv ungdomsrådet i evalueringa av det utandørs kinoarrangementet ved Herøy kulturhus fyrste helga i mai.

Her seier ungdomsrådet seg skuffa over samarbeidsforma, og særleg arbeidsfordelinga der dei tilsette på kinoen fekk betalt for å sjekke at folk hadde løyst billettar. Resten blei overlate til LAN og ungdomsrådet, som fekk lite ære for innsatsen på nettet.

Ungdomane sin politiske representant ordna med ramme til lerret og at Moldskred renovasjon kom med kran. Dei stilte med 30.000 kroner frå Sparebanken Møre og var parkeringsvakter. Det skulle ha vore nok.

Hadde ikkje HerøyLAN vore der, hadde dette aldri gått bra, heiter det i evalueringa av drive in-kinoen.

Elles blei det ein stor suksess som ungdomane godt kan tenkje seg å vere med på oftare. Men då må det vere ei anna leiing.