Reiselivsutviklar Hilde Gråberg Bakke om reiselivspotensialet i Havlandet og sentrale utfordringar som ligg føre:

– No må vi alle ta på oss gjestebrillene

Herøy sin nye reiselivsutviklar, Hilde Gråberg Bakke, ser eventyrlege moglegheiter for Herøy. Men før «Havlandet» kan nå sitt fulle potensial, meiner ho reiselivsverksemder og butikkfolk i kommunen må ta seg ei runde, med gjestebriller på, og sjå korleis det ser ut rundt si verksemd.

Hilde Gråberg Bakke: Herøy har blitt tildelt alle dei rette korta for eit vellukka reiselivsprosjekt. No gjeld det å spele dei rett, seier reiselivsutviklar Hilde Gråberg Bakke. For ho er samarbeid det viktigaste stikkordet. Ho etterlyser elles meir framsnakking blant Herøyværingar.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Vi må samarbeide, og saker treng ikkje å bli sett opp i mot kvarandre.

Hilde Gråberg Bakke
Nyhende

– Eg har besøkt store delar av kommunen, og herøyværingane har mykje å vere stolte over! Eg har nytta meg av turmoglegheitene både i indre og ytre del av kommunen, og gler meg til å bli endå betre kjend i området.