Prøver igjen i Sæviktunnelen:

Sykkelvarslinga har ikkje fungert

Godt over ein million kroner er brukt på eit trafikksikringstiltak på Remøya som enno ikkje har fungert.

Sæviktunnelen: Sykkelvarslinga i Sæviktunnelen, som blei installert for snart to år sidan, har enno ikkje fungert. Men no kjem det snart på plass eit nyutvikla system som vegstyresmaktene har trua på skal fungere etter intensjonen.  Foto: Arkiv

Nyhende

– Det fungerte med det same, men seinare blei det berre tull, seier overingeniør i samferdselsavdelinga, Elisabeth Mansfield om sykkelvarslinga i Sæviktunnelen som blei igangsett sommaren 2018.