Lokasjonen avgjerande for etableringa av MH24-stasjon i Myrvåg:

– Vi er midt i smørauget

Det var ikkje vanskeleg for bygdefolket i Myrvåg å få gehør for ønsket om eiga drivstoffpumpe i Myrvåg. – Vi har god tru på plasseringa, seier Kenneth Svoren i MH24.

TO I GAN­GEN: Det er lagt opp til at to bi­lar kan tan­ke sam­stun­des i Myr­våg.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Som ein del av ei stadig sterkare satsing på drivstoffsal, opna Måløy Havneservice (MH24) fredag sin nye stasjon i Myrvåg. Det skjedde eitt år etter at planlegginga av stasjonen tok til, og var samstundes til stor glede for bygdefolket.