Eilin Reinaas utfordrar kommunen om mangel på rådhuset:

– Kva gjer vi utan heis?

I eit brev til Herøy kommune etterlyser leiar i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne ein fungerande heis på rådhuset. Samtidig spør ho korleis kommunen planlegg å sikre at alle innbyggjarar får vere med på møta så lenge heisen er defekt.

Eilin Reinaas: Reinaas etterlyser informasjon om heistilstanden på Herøy rådhus. Kommunen svarar at dei no ser etter både ei kortsiktig og meir langsiktig løysing for å reparere og med tida erstatte heisen for å sikre att alle skal få delta på møte og kome seg rundt på rådhuset. Enn so lenge vert politiske møter haldne i andre lokale enn på rådhuset.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Det er eit krav at kommunen skal ha ei universelt forma ut verksemd, etter likestillings- og diskrimineringsloven § 17.