Sjå videoglimt frå båtkonvoien i Herøy

I Herøy var 17. mai mellom anna markert med ein båtkonvoi på fjorden. Vestlandsnytt telde godt over 80 båtar i den store paraden som starta frå hamna på Remøya, snudde ved Kvalsund og til slutt enda opp på Leinane. Her fekk dei frammøtte oppleve ein konsert med countrysongaren Stine Nilsen som spelte frå båten til Hallgeir Skorpen, "Rolig". Det var 17. maikomiteen på Remøya som tok innitiativet til opplegget.
Nyhende