Politiet

Nokre episodar natt til 17. mai

Trass i at det både er koronatid og i tillegg veldig kaldt for årstida, hadde politiet litt å henge fingrane i natt til 17. mai.

POLITI: Litt bråk var det i bygdebyanepå Søre luten natt til 17. mai.  Foto: Ill. / Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I Fosnavåg sentrum var det litt bråk. Politiet kom til staden og snakka med ein rusa person som hadde biltt slått til av ein ukjend mann.

- Ingen personskade. Roleg på plassen no, konkluderte politiet litt over klokka eitt natt til nasjonaldagen.

Bilbrann og bråk

I Ulstein var det natt til 17. mai brann i ein bil ved innkøyringa til Kvalnestunnelen. Begge personane i bilen kom seg ut og vart omtala som uskada.

Litt seinare melde politiet at vegen opna igjen. Brannen skal ha starta under køyring, og saka vert etterforska vidare.

Elles vart det denne natta meldt om mykje folk samla i Ulsteinvik sentrum, med noko krangling. Ein ung mann vart bortvist frå staden, men vart lilkevel verande. Han vert meld for oppførselen.

I Volda vart ei kvinne meld for urinering på offenteg stad. I Ørsta sentrum var det samla mykje folk, og fleire vart bøtelagde for brot på reglane om ro og orden.