Kan leige Runde grendahus til skule

Om Herøy kommune treng meir lokale i samband med gjenopning av skulane, kan Runde grendahus vere eit godt alternativ.

Runde skule og grendahus: Folket på Runde byr fram gamleskulen til skulebruk igjen, i samband med koronasituasjonen.  Foto: Runde grendalag

Nyhende

Det meiner leiaren i Runde grendalag som fekk overta skulebygninga etter at skulen på Runde blei lagt ned. Grendelagsleiar Marie Runde viser til at sjølv skulen no er grendahus, er bygninga så å seie nøyaktig slik den var då den vart nytta som skule.