MED BILDESERIE - send inn fleire bilde!

Gratulerer med dagen!

17. mai-feiringa er i full gang rundt omkring i bygdene våre. Her vil vi legge ut bilde vi får inn frå dei ulike markeringane.
Nyhende

På grunn av korona-situasjonen vert det ei annleis feiring av nasjonaldagen i år. Dei tradisjonelle folketoga er avlyste, og det same er store folkesamlingar.

Feiring vert det likevel. Mange stadar er det bilkortesjer i staden for folketog, og nokre prøvar seg jamvel med båtkonvoi.

Flaggheising, kransenedlegging, korpsmusikk og elles ei utstrekt digital feiring av nasjonaldagen vert det også.

Hipp-hipp-hurra!

Send inn bilde til redaksjon@vestlandsnytt.no, og så legg vi dei ut på nettsida vår. Skriv kvar bildet er teke, kva bildet syner, og kven som er fotograf. Takk for hjelpa!


Sjå videoglimt frå båtkonvoien i Herøy

I Herøy var 17. mai mellom anna markert med ein båtkonvoi på fjorden. Vestlandsnytt telde godt over 80 båtar i den store paraden som starta frå hamna på Remøya, snudde ved Kvalsund og til slutt enda opp på Leinane. Her fekk dei frammøtte oppleve ein konsert med countrysongaren Stine Nilsen som spelte frå båten til Hallgeir Skorpen, "Rolig". Det var 17. maikomiteen på Remøya som tok innitiativet til opplegget.


SAKA VERT OPPDATERT!