Bergsøy IL tek aktivitetsfritidsordninga si eitt steg vidare:

– Må gi barn og unge eit allsidig innblikk

Denne veka kom Bergsøy IL i gang igjen med si aktivitetsfritidsordning (AFO) etter eit opphald i koronatida. No kunngjer dei samstundes at eit samla idrettslag ønskjer å styrke satsinga.

Står Samla: Bergsøy IL ser no nærmare på korleis ein skal klare å gjere AFO-satsinga endå meir allsidig. Denne trioen meiner det vil gagne både barna og breidda i klubben. Frå venstre ser vi Pål Ove Husøy, Konstanse Torgersen Nærø og Roar Aasen.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi vil skape ein sterkare integritet og gjere tilbodet endå meir variert.

Slik innleiar AFO-leiar Konstanse Torgersen Nærø samtalen då vi møter ho på Havila Stadion. Ute på bana er 20 ungar i gang med dagens aktivitetar. Saman med styreleiar for Bergsøy Friidrett Pål Ove Husøy og sportsleg leiar for Bergsøy Handball Roar Aasen står vi på sidelinja og observerer. Vi har blitt invitert hit for å snakke litt om aktivitetsfritidsordninga som Bergsøy dei siste åra har gjennomført, og det faktum at dei no planlegg å styrke satsinga ytterlegare.

– Vi synest dette er eit så viktig tilbod at vi ønskjer større rekruttering. Vi har plass til mange fleire, og håper no at nokre enkle grep kan gjere tilbodet meir aktuelt for fleire, seier Aasen.

Kort forklart er AFO-ordninga til Bergsøy IL eit slags supplement eller erstatning til ei skulefritidsordning, der barn etter skulen får vere med vaksne på Havila stadion. Aktivitet og sunt kosthald er sentrale pilarar, og ordninga har eksistert i 10 år.

– Vi hentar ungane med eigen minibuss både på Einedalen og Nerlandsøy, og tek sikte på å gi eit tilbod 3 dagar i veka neste skuleår, litt avhengig av talet på deltakarar. Søknadsfristen er 31. mai, seier AFO-leiaren.

Administrert av Bergsøy Fotball

Fram til no har aktivitetsfritidsordninga hatt sitt utspring i Bergsøy Fotball, i alle fall om ein ser på den administrative biten. Også fotball har vore eit naturleg og populært val når ein har skulle drive med ulike ballaktivitetar.

Eksistert i 10 år: I ti år har Bergøy IL drive med ei form for fritidsordning for barn når dei er ferdige på skule. No håpar dei å få med endå fleire ved å auke breidda i aktivitetstilbodet.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

– Vi må innleiingsvis påpeike at vi har hatt eit breitt fokus når det kjem til aktivitetar, med fokus på generell fysisk aktivitet med oppvarming og tøying.

– Likevel har fotballen nok vore noko ein raskt har falle tilbake på då lokalitetane talar for det og ungane ser ut til å like dette, forklarar Torgersen Nærø, som seier ho, i tillegg til positiv respons, har registrert eit ønske blant føresette om endå større variasjon.

Breiare aktivitetstilbod

Sjølv om fotballen vil halde fram med å stå sentralt, er der no ein visjon og eit nytt mål frå idrettslaget om gi andre aktivitetar tilsvarande plass og fokus i ordninga. Derfor er no Bergsøy Handball og Bergsøy Friidrett kopla på prosessen i korleis satsinga skal førast vidare.

– Måten vi ser føre oss å bidra på er på kompetansebiten. Vi sit på mykje ressursar og god kunnskap som vi vil låne av inn til tilbodet, forklarar Aasen.

Gjengen seier at dei endå er på planstadiet for korleis samarbeidet skal leggast opp, men dei ser føre seg at bruk av instruktørar ifrå dei ulike segmenta i klubben som ein naturleg modell.

– Det er viktig at vi også tilpassar tilbodet etter kva barna ønskjer, så ingenting er låst, seier Torgersen Nærø.

Ei styrke for klubben

Husøy seier dei er glade for at ein no tenker endå breiare om tilbodet. Han trur dette er ei tilnærming som vil gagne heile idrettslaget i det lange løp.

– Det ligg ei styrke i å kunne gi barn og unge eit allsidig innblikk i ulike aktivitetstilbod på eit tidleg tidspunkt. På dette nivået har dei enno god tid på å velje kva aktivitetar dei trivast best med. Då er det viktig at vi, som eit samla idrettslag, legg til rette for at barna får prøve forskjellige aktivitetar.

Fysisk aktivitet: Det viktigaste med AFO-satsinga er den fysiske aktiviteten. Her ser vi eit glimt frå då AFO denne veka tok opp att aktiviteten etter koronarestriksjonane vart innført.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Han får støtte frå Aasen.

– Ein kan også lære mykje frå forskjellige idrettar og sportsgreiner, som ein kan ta med seg vidare inn i sine føretrekte aktivitetar, legg Roar til.

Som om det ikkje var argument nok i seg sjølv, forklarar Torgersen Nærø at ein elles håpar å kunne styrke rekrutteringa til idretten gjennom eit meir allsidig opplegg.

– Dette er ein fin arena for å få ein smakebit på dei forskjellige aktivistane, seier Torgersen Nærø.

– Ei motvekt

Er det ein ting dei tre er samde i er det viktigheita av å styrke ordninga. Spesielt sett utifrå ein trend som uroar dei litt.

– I den digitale kvardagen er vegen blitt vel kort frå skulebenken, heim att og rett fram for TV-en eller PC-skjermen. Det er ikkje sunt for barn å bruke for mykje av si fritid på det, seier Aasen.

– Vi har det som vårt ansvar å vere eit motvekt til dette og at AFO skal vere eit betre alternativ, held han fram.

Fokus på tryggleik

Om den spesielle situasjonen ein no står i seier Nærø at foreldra har vore positive til å starte igjen under dei restriksjonane som er grunna koronaviruset. Ho seier mykje aktivitet ute og gode smittevernrutinar gjer at AFO til ein trygg plass for barna å vere. Dette vil gjelde også om ein legg til grunn at smitteverntiltaka skal vare ved ut over hausten.

– Vi har Fiskarhallen og kan legge opp til all aktivitet på store areal, året rundt, avsluttar AFO-leiaren.