Rådmannen positiv til makebyte

Rådmannen stiller seg positiv Myrvåg forsamlingshus si løysing for ny tomt i Myrvåg.

Glimrande: – Plasseringa tett opp til skulen er glimrande, seier Erling-Johann Dragsund og Hildegunn Sporstøl.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Det går mot ei snarleg avklaring om tomt for oppattbygging av forsamlingshuset i Myrvåg som brann ned for tre år sidan.

Tysdag skal tomtesaka opp i formannskapet, og rådmannen stiller seg positiv til at stiftinga får overta tomta dei har sett seg ut på andre sida av fylkesvegen. I byte får kommunen overta stiftinga si tomt der det gamle forsamlingshuset stod.

Rådmannen ser fleire fordelar med makebytet og viser mellom anna til at ei reetablering her vil redusere talet på avkøyrsler og ferdsel over den sterkt trafikkerte fylkesvegen.


Myrvåg forsamlingshus søkjer makebyte med kommunen:

Vil gjenreise på ny tomt

Myrvågarane skal gjenreise forsamlingshuset sitt, men vil over på den sida av vegen der folk flest bur.


I byte får kommunen ei tomt som kan vere ein del av området sør for fylkesvegen som kan vere aktuelt å regulere til næringsføremål i framtida.

Etablering av eit forsamlingshus på den nye tomta er ikkje i tråd med reguleringsplanen og vil krevje ein dispensasjon frå arealføremålet. Prosessen med makebyte må difor vente til dispensasjonsspørsmålet er avklara. Dette kan gå raskt då det her truleg vil vere tale om ein dispensasjon utan høyring.