Hindrar effektivt vegvedlikehald

Parkerte bilar heilt inn til vegbana er til hinder for effektiv drift og vedlikehald av Myklebustvegen i Fosnavåg.

Myklebustvegen: Bilar som står parkert langs kvitestripa kan vere til hinder for effektivt vegvedlikehald.  Foto: Vestlandsnytt

Nyhende

Når parkering skjer heilt inn til kvitestripa må brøytebil og feiemaskin legge seg ut for å kunne passere uhindra. Ein slik manøver kan i verste fall resultere i svært alvorlege situasjonar med møtande trafikk.