Fyllekøyring med båt i Herøy

Ein førar av ein småbåt kan vente seg eit oppgjer med påtalemakta etter ein episode laurdag ettermiddag.

POLITI: Stod på kaia og tok imot Redningsskøyta og mannen som var "godt rusa".  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Føraren måtte sende naudmelding då motoren på båten stansa, og han tok ti å drive mot land. Redningsskøyta rykte ut frå Fosnavåg og fekk både mann og båt trygt til land.

Politet opplyser til Vestlandsnytt at dei rutinemessig venta på kaia då skøyta kom til land.

-Det synte seg at mannen ikkje var «heilt i vater», opplyser politiet. «Godt rusa», lyder karakteristikken om mannen då politiet gjekk ut på Twitter om saka.