Tussa fekk fin kundeservice-pris

Tussa har igjen, som i 2017 og 2019, vunne prisen for å ha beste kundeservice i Noreg i kategorien energi.

Tussa kundepris: Tussa scorar veldig høgt nasjonalt, på kundeservice. Foto: Tussa 

Nyhende

Kundeserviceprisen kårar årets beste på kundeservice innanfor 23 ulike kategoriar. I år var heile 181 selskap med i vurderinga innanfor dei ulike kategoriane. På grunn av koronautbrotet er sjølve konferansen med premieutdeling utsett til hausten.


Eigarane gir Tussa-styret ein siste sjanse

Tussa-styret overlevde torsdagens generalforsamling og får ein ny sjanse til å imøtekome eigarane i utbytesaka.


– Dette er kjekt! Vi er utruleg stolte av dei dyktige energirådgjevarane våre. Det handlar om å ha kunden som førsteprioritet. Kulturen vår og medarbeidarane våre kan ingen kopiere, og det er det som skil oss frå konkurrentane våre over tid. Vi har tilsette som brenn for jobben og som strekkjer seg litt lengre for å hjelpe kundane. Målet vårt er nettopp å ha Noreg sine mest fornøgde energikundar.

Det seier Lise Ulstein, marknadssjef i Tussa-24.

Nummer to totalt

«Vårt kraftselskap» Tussa kom også på 2.-plass på tvers av alle 23 bransjane, i konkurranse med 181 andre selskap. Totalvinnar av alle bransjane vart Ice Mobil med 92,1 poeng. Var like bak med 89,1 poeng.