Kjempeyacht skal byggast på Kleven

- Yachten skal innehalde 118 bustader som vil skape eit av dei mest filantropiske miljøa i verda.

M/Y NJORD: Kjempeyachten blir meir enn 290 meter langt.  Foto: (Illustrasjon) Ocean Residences Development Ltd. (ORD)

Nyhende

Det seier styreleiar og administrerande direktør i Ocean Residences Development Ltd., Kristian Stensby i ei pressemelding.

Det er DIV Shipbuilding, som eig Kleven Verft i Noreg og verftet Brodosplit i Kroatia som skal bygge residensyachten, som får namnet "M/Y NJORD". Begge verfta skal jobbe med bygginga av det unike bustadskipet med ein spektakulær størrelse; meir enn 290 meter langt. Brodosplit vil vere ansvarleg for størstedelen av stålkonstruksjonen til skroget, samt ein betydeleg andel av dei tekniske installasjonane. Skroget skal deretter vidare til Kleven Verft for å fullføre alle tekniske installasjonar og interiør fram til levering i 2024.

- Mitt selskap er stolt over å vere involvert i bygginga av denne spektakulære private yachten som Ocean Residences Development Ltd skal bygge. Alle tilsette i DIV Shipbuilding, både i Brodosplit og Kleven, er stolte av å samarbeide og jobbe med dette prosjektet, seier Tomislav Debeljak, styreleiar og administrerande direktør i DIV Group i pressemeldinga, og held fram:

- I desse usikre tider er eg glad for å stadfeste at vi har full støtte frå myndigheitene i både Kroatia og Norge, som deler vår interesse for dette viktige prosjektet. Det kjem til å sysselsette tusenvis av dyktige menneske i åra som kjem i mange fagfelt, alt frå sveisarar til ingeniørar.

Styreleiar og administrerande direktør i Ocean Residences Development Ltd., Kristian Stensby, seier:

- Eg er veldig glad for å stadfeste signeringa av ein avtale mellom selskapet vårt og DIV Shipbuilding. Yachten skal innehalde 118 bustader som vil skape eit av dei mest filantropiske miljøa i verda. Det neste spanande kapittelet i M/Y NJORD si utvikling er milepålen når prosjektet går over frå teiknebrettet til konstruksjon.

Han held fram:

- DIV Shipbuilding er ein yacht- og skipsbyggar i verdsklasse med eit rykte på seg for å bygge svært sofistikerte superyachtar, passasjerskip og andre spesialbygde fartøy. Som ein stolt nordmann frå ein nasjon med ein historisk skipsbyggingstradisjon og djupe røter i passasjerskipsindustrien, er eg strålande fornøgd med støtta og engasjementet frå fleire norske selskap inkludert Sjøfartsverket. Yachten vil gå med NIS-flagg.

Nesten heile industrien og samfunnet rundt begge verfta er avhengige av den maritime sektoren. Arbeidet med design og konstruksjon av M/Y NJORD vil, ifølgje pressemeldinga, kome tusenvis av lokale familiar til gode ved å skape meir enn fem millionar arbeidstimar.

- I tillegg vil det i stor grad bidra til ytterlegare forbetring av forsking og innovasjon av maritime aktivitetar i Kroatia og Noreg, samt til å forbetre det vitskapelege og teknologiske potensialet i skular og høgskular. Dessutan har Ocean Residences Development etablert, som sentralt i deira visjon, ønsket om å konstruere det mest teknisk avanserte fartøyet i industrien som vil flytte dei ytre grensene når det gjeld berekraft, teknisk innovasjon og utsleppsstandardar. Ein visjon som passar perfekt til kunnskapen vi har både i Noreg og Kroatia, seier Zoran Kunkera, CBO i DIV Shipbuilding.

Helge Hermundsgard frå DNV GL Norway, verdas leiande klassifiseringssamfunn og rådgjevar for den maritime næringa, seier at M/Y NJORD vil vere eit fartøy designa for å oppfylle dei strengaste miljøkrava både for levering og for framtida. Fartøyet vil bli drive av state of the art dual fuel motorar, med tankkapasitet for MGO og LNG, batteri, varmegjenvinningssystem og avanserte styringssystem. For å sikre at fartøyet er framtidsretta, vil motorane og drivstofftankane vere klare for enkel konvertering, for å dra nytte av framtidig drivstoff med lågare eller nøytralt karbonavtrykk.