Utan mat og drikke...

"Det gjekk med 230 liter konjakk, 120 liter dobbeltdestillert sprit og 2150 liter brennevin."

Nasjonaldagen er to dagar unna, den raraste nasjonaldagen i både mi og mange andre si levetid. Vanlegvis leitar vi fram nokre fine ord om nasjonalkjensle og fridom, det fekk eg ikkje heilt til i år.

Eidsvoll 1814: Då tingmennene kom saman, mangla det ingenting. Og dei laga ei viktig og god Grunnlov. historisk oljemåleri: Oscar Wergeland  Foto: Historisk oljemåleri: Oscar Wergeland

Ein kan kome i skade for å skulde dei historiske mennene, for at dei ikkje var heilt i vater heile tida.

Nyhende

Eg heidrar likevel desse mennene som møttest på Eidsvoll i 1814. Men korleis hadde akkurat dei det, desse seks vekene dei arbeidde med dette storverket? Korleis levde dei?