Sævik-familien kjøper ut Fredrik W. Mohn:

Sikrar seg full kontroll over Fjord1

På sikt er planen å utvide Fjord1 til eit integrert transport- og reiselivsselskap, der Havila og Vision Ridge Partners også skal samarbeide om Havila Kystruten.

- Det er rett å seie at vi er fornøgde, seier Per Sævik etter at Havila no har sikra seg 90 prosent av aksjane i Fjord1. Intensjonen på sikt er å ta selskapet av børs.  Foto: Arkivfoto: Siv-Elin Nærø/pressefoto

Nyhende

Sævik-familien har, saman med sin amerikanske partnar Vision Ridge Partners, kjøpt ut Fredrik W. Mohn frå Fjord1 for 877 millionar kroner (47,50 kroner aksjen). Dermed er heile Fjord1 per no prisa til heile 4,75 milliardar kroner.