Nytt, kritisk utspel mot kommunen:

– Dette er ein Kafka-prosess mot rådmannen

I eit innlegg i Vestlandsnytt går Jardar Eggesbø Abrahamsen ut mot det han omtalar som mobbing frå Herøy kommune. Det får kommuneadvokaten til å reagere.

Reidar Andresen: – Innlegget til Abrahamsen inneheld feil, er spekulativt og alvorleg, seier Herøy kommune sin advokat Reidar Andresen. Han seier det er trasig at rådmannen stadig blir utsett for det Andresen omtalar som grunnlause skuldingar.   Foto: Linda Eikrem, Vikebladet Vestposten

Nyhende

– Med tanke på tidlegare innlegg om same sak, har dette teke til å ta form av den reinaste Kafka-prosessen mot rådmannen og kommunen.