Smittevernoverlegen om den lokale koronasituasjonen:

Trur ikkje på store mørketal

– Sjølv om vi har utvida testkapasiteten, så greier vi ikkje å avdekke alle smittetilfella. Eg trur her kan vere mørketal, men eg trur ikkje dei er store.

Bjørn Martin Aasen: – At folk er flin­ke til å følg­je ret­nings­lin­je­ne frå FHI er den vik­ti­gas­te grun­nen til at vi har ein så god si­tua­sjon i Her­øy, sei­er smit­te­vern­over­le­gen.   Foto: Ar­kiv / Bjørn­ar Torv­holm Sævik

Vi har også bygd opp beredskapen på testing, slik at vi kan teste alle som vert omfatta av eit eventuelt utbrot.

Bjørn Martin Aasen
Nyhende

Det seier smittevernoverlege i Herøy, Bjørn Martin Aasen.

Takka vere god innsats med å halde sosial avstand og god handhygiene frå folk flest, har det ikkje vorte påvist nye smittetilfelle av Covid-19 i Herøy sidan 27. mars. Tre av dei fire som testa positivt er dessutan friskmelde, medan ein fjerde person vart utskriven frå sjukehus 30. april.

I Sande har det ikkje vorte påvist nye smittetilfelle sidan 13. april, og alle dei fem som var sjuke er no friske igjen.

I Herøy er det per 8. mai utført til saman 242 testar, medan det i Sande er utført 238 testar.

Kan vere mørketal

Likevel åtvarar Aasen mot å slappe av.

– Ei føresetnad for å ha ein så god situasjon som vi har no, er at folk er flinke til å følgje dei tre enkle retningslinjene frå Folkehelseinstituttet: Hald avstand, ha god handhygiene og hald deg heime når du er sjuk, seier han.

Per 7. mai rekna FHI med at ein berre har avdekka mellom 15 og 16 prosent av alle som er smitta av koronaviruset på landsbasis.

– Tek vi ned dei tala på Herøy-nivå, så har om lag 25–30 personar i Herøy hatt sjukdomen utan å ha fått påvist smitte, seier Aasen. Han understrekar at dette berre er ein matematisk berekning.

Hadde mørketala vore store, hadde nokre vore så sjuke at dei hadde tatt kontakt med lege, trur Aasen.

Har auka testkapasiteten

Sjølv om der ikkje er påvist pågåande smitte i Herøy, har kommunen no utvida testkapasiteten. Det vil seie at alle med relevante sjukdomsteikn som ønskjer å teste seg for koronaviruset, skal få lov til det, uavhengig av alder eller underliggande sjukdomar.

– Vi har også bygd opp beredskapen på testing, slik at vi kan teste alle som vert omfatta av eit eventuelt utbrot, forklarer Aasen.

Råd mot såre barnehender

Etter at barnehagane og skulane opna for dei yngste barna for eit par veker sidan, har mange små måtte lære seg å leve i ein ny normalkvardag. For elevane inneber det mellom anna 20 sekund med handvask med såpe og vatn mange gongar om dagen. Det toler ikkje huda spesielt godt.

Tips mot såre hender: – Ha god, feit, uparfymert hand­krem til­gjen­ge­leg til ein kvar tid. Der­som såra va­rer ved; kon­takt fast­le­gen for å få me­di­sinsk hjelp, sei­er Aasen. 

Då er det viktig med handpleie:

– Ha god feit, uparfymert handkrem tilgjengeleg til ei kvar tid. Hjelp små barn med å smørje inn hendene rett etter handvask, men etter at du sjølv har vaska dine eigne hender. Skulebarn bør ha med krem i ranselen, seier Aasen, og held fram: – Dersom såra varer ved; kontakt fastlegen for medisinsk hjelp.

Har opna for sjukeheimsbesøk

Regjeringa har no løyst opp ein del av dei strenge koronatiltaka som vart sett i verk 12. mars. Enkelte ting står også kommunane fritt til å vurdere og avgjere lokalt. Til dømes vart det i Herøy opna for besøk til bebuarar på sjukeheimane onsdag førre veke, men under fastsette reglar.

Sandetun omsorgssenter opna for avtalte besøk måndag 11. mai.